søndag 29. juli 2012

Den store hamskiftaren

Noko som har fascinert meg ved borreliabakterien, er den unike evna den har til å skifte form og til å imitere andre sjukdommar. Dette gjer at dei som har bitt bitne  av flått (ofte utan at ein er klar over det), trur at ein har andre sjukdommar enn bakterien som herjar i kroppen. Ein kan like gjerne gje borrelia-bakteriaen tittelen "den store hamskiftaren", for både MS, ALS, artrittar, kronisk utmattingssyndrom, ADHD, fibromyalgi og hypokondri er nokre av diagnosene som ofte vert sett som diagnosar før ein finn ut kva som eigentleg er årsaka til plagene. Sidan plagene ofte ikkje er like over lang tid, men flyttar seg frå område til område i kroppen, med ulik intensitet over tid, vert ein som pasient ofte mistrudd av legane når ein vert utreda på dei ulike spesialistavdelingane på sjukehusa.

Borrelia-bakterien sitt sanne andlet

 For min eigen del gjekk eg med senebetennelsar (såkalla kronisk artritt) i både venstre og høgre handledd, begge albogane og brystmusklaturen på høgre og venstre side i nærare 1,5 år før eg fann ut at dette berre var ein konsekvens av eit mykje større problem som gøymde seg i kroppen; ei god suppe av ulike borrelia-bakteriar. Ein av grunnane til at eg fann ut at eg hadde borrelia, var at eg åt store mengder betennelsesdempande medisinar (NSAID's) for å få tatt knekken på betennelsane. Dessverre tok desse tablettane berre knekken på noko langt anna enn det dei skulle; nemleg immunforsvaret. (Betennelsane derimot, heldt stand.)
 
Medan immunforsvaret mitt var svekka som følgje av NSAID'sane, blussa eit spekter av andre plager opp: Hukommelsestap, utmattelse, problem med å finne ord, ekstremt søvnbehov, smerter i kroppen, knasing i ledd (særleg nakke og hovud), tap av kjensler i fingrar/armar, brain fog, ticks og tåkesyn. Sjølv om eg ikkje er lege, skal det ikkje store fantasien til for å forstå at dette er noko utypisk for ein "vanleg senebetennelse".

Tvert om er dette borrelia-bakterien sitt sanne andlet; Den sler til når immunforsvaret er lågt, og sparkar deg grundig medan du ligg nede. Sidan borrelia burgdorferi har ein spiroketform i det den kjem inn i kroppen, får den lett tilgjenge til dei ulike vevstypane og organa i menneskekroppen, der den flyt rundt gjennom blodet. Det er dette som gjer at sjukdomsbiletet skiftar over tid; bakterien erobrar fleire delar av kroppen, og eit vell av plager dukkar opp.


Så spørst det kva plager som er mest framtredande når du er hjå legen. Dersom eg hadde gått til ein vilkårleg allmennlege per i dag, og vist han beina mine, ville eg nok fått diagnosen leddgikt, sjølv om det eg eigentleg har er borrelia. Dei siste månadane har eg hatt store smerter i venstre kne, anklar og i tåleddet på høgre fot som har hovna ein del opp. (nederst på biletet).



Ikkje nok med 14 dagar

I Noreg i dag er vanleg å gje berre ein 14 dagar lang antibiotikakur dersom ein har fått påvist at ein har borrelia. Dette meiner ein av norges fremste borreliaforskarar, Øystein Brorson, at er utilstrekkjeleg behandling. Grunnen til dette er at borreliabakterien har evna til å forvandle seg frå spiroketform til cysteform når den vert utsett for ulike stressfaktorar som til dømes medisin. Når bakterien tek cysteform, vert den vanskelegare å behandle av di den då kan kapsle seg inn i celler og vev. Den låge biologiske aktiviteten kan også føre til at den vert immun mot antibiotika, fordi det tilsynelatande kan sjå ut til at bakterien er død. Når ein då sluttar med behandlinga, vil ein etter ei tid kunne sjå at bakterien vert reaktiver når den opplever at miljøet er så gunstig at den kan ta spiralform. På godt norsk; faenskapet blussar opp att.

Ifølgje borreliaeksperten Joseph J Burrascano JR, vil ein ukomplisert kronisk borreliasjuksom kreve igjennomsnitt minst 6-12 månaders høgdosebehandling med antibiotika. Om ein får tilbakevendande syptom må ein halde fram behandlinga også etter dette. Mange borreliapasientar treng behandling i 1-4 år, eller rett og slett til pasienten er bra att, kor lang tid dette enn tek. 


Hjelp, no også i Norge

Opp i alt er eg grådig glad for at eg endeleg er kommen i behandling ved Norsk Borreliose Senter (NBS) i Oslo, under doktor Rolf Luneng sin kyndige kompetanse. Det kan eg anbefale på det varmaste! No har eg gått på Doxycyclin og Azitromax i snart ein månad, og Plaquelin i omlag to veker. Sjølv om dette er ein god hestekur (tøff behandling), verkar det til at noko positivt også er i ferd med å skje i kroppen. Dette er ein utruleg sterk motivasjonskjelde dei dagane der det føles ut som ein er ein fange i ein døyande lekam. No er det berre å halde fram med pilleknaskinga og det strenge kosthaldsregimet fram til neste time ved NBS  den 14. august. I mellomtida er det godt å ha familie, vener og ikkje minst ein snill kjærast som tek seg av ein så lengje: :D



Les meir:  Artikkelen til Øystein Brorson om borrelia burgdoferi sine cysteformer som stod på trykk i Bioingeniøren

Borrelia- og lymeforreininga i Sverige, link til retningsliner for behandling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar