lørdag 9. februar 2013

Snart gjennombrot?

Bobla er i ferd med å sprekke og diffuse sjukdommar kan vise seg å vere forårsaka av infeksjonar, må sjåast på med nye auge.

Måndag 11. februar  kan du sjå to sterke historer om kor gale det kan gå. På Dagsrevyen vil ungdomsskuleeleven Erlend fortelje om korleis det var å vere alvorleg sjuk med nevrobooreliose. Om legane som ikkje kunne hjelpe. At AB behandling hos Rolf Luneng ved NBS har gjeve han livet tilbake. Han kunne ikkje gå og hadde voldsomme anfall og sterke smerter. No er han på beina og ved sine fulle fem. Luneng blir og interjuva. Og ein skeptisk barnelege. Kanskje Jonas Skar Støre som er i Førde på mandag. Det kokte på Nord-Tick-konferansen som gikk av stabelen i Oslo denne veka. Konfliktnivået var svært høgt. (Sjå lenger nede i innlegget).
 


Eit liv i smerter
På TV2-nyheitene vil Maj-Britt Marie Grevstad stå fram med si historie. Ho har fått øydelagt mesteparten av sitt vaksne liv av smerter etter at ho har gått i åresvis med feil diagnose, og er i dag ufør som følgje av dette. Nyleg vart det oppdaga at ho har både borrelia- og babesiabakteriar i blodet. Ho treng difor langvarig antibiotikabehandling intravenøst, noko ho berre kan få ved Norsk Borreliose Senter i Oslo. Behandlinga kostar henne 11 000 i månaden, i tillegg må ho betale 10 000 kroner i buutgifter. Staten dekkjer ikkje noko av denne behandlinga.

Om eg er rett opplyst, skal det vere mellom 500-600 på venteliste for å få intravenøs behandling ved Norsk Borreliose Senter. Dette er 500-600 menneske som kunne vore friske nok til å jobbe og fungere skikkeleg i kvardagen, om dei berre hadde fått riktig behandling og medisin. I staden er mange av desse blitt uføre som føgje av fråvære som følgje av feil diagnoser og feilbehandling.

Kvifor haster dette så?


Det tok hundrede år før legestanden erkjente at magesår kom av ein bakterie. Vi har ikkje tid til å vente like lengje på ein kur mot flåttbårne sjukdommar som borrelia, bartonella, anaplasmose og babesia.
Difor er det direkte tragisk at den tidlegare smittevernsoverlegen i FHI , Preben Aavitsland; uttalte dette i samband med konferansen; (epidemi@Epidemino)
- 'Kronisk borreliose' smitter ikke med flått. 'Kronisk borreliose' smitter med Internett, sier Preben Aavitsland på #nortick13
- Privatklinikker, pasientaktivister, massemediene og enkelte politikere driver epidemien av 'kronisk borreliose'. Aavitsland på #nortick13

Dette vitnar om kunnskapsløyse så vel som eit menneske-og pasientsyn som ikkje høyrer nokon stad heime i legeyrket.
  At "ekspertar" innan smittevern kan avvise etablert kunnskap om borreliose, når til og med IDSA (The Infectious Diseases Society of America) seier at LATE LYME eksisterer, er graverande. Vi treng nye ekspertar innan smittevern, slik at vi faktisk får eit reelt vern mot flåttbåren smitte her i landet. Det fortener folket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar