onsdag 13. februar 2013

Trudde borreliasjuk gut kom til å døy

Her kan du sjå det sterke innslaget som NRK Vestlandsrevyen sende om Erlend Hallaren i går. Han var så sjuk av borreliose at familien trudde at han kom til å døy. Familien føler seg svært svikta av det offentlege helsevesenet, og takkar Norsk Borreliose Senter i Nydalen for at guten i dag er i live, og i stand til å gå litt på skulen att.

Erlend sin tøffe kamp for å få behandling

Det er likevel verd å merke seg at stavangerlegen Dag Tveitnes påstår at mange kronisk sjuke eller alvorleg sjuke som Erlend skulle hatt ei anna og betre behandling enn den dei får ved Norsk Borreliose Senter. Dette er direkte provoserande, då dei fleste som er i Erlend sin situsjon, alt har gått maaaange runder i det offentlege helsevesenet utan å få verken svar på kva som feiler dei, eller riktig behandling. Det er grunnen til at pasientane vel å betale tusenvis for testar som er betre, og for å møte legar som ser heilskapen av symptom, i kampen for å verte friske att. 

Realiteten for krosnisk sjuke med borrelia i Noreg i dag, er ingen behandling i det offentlege. Med det meiner eg at om ein er så heldige at dei dårlege testane som vert nytta slår ut, så får mange for kort behandling til å verte friske. Dei som ikkje slår ut på testane fordi dei har gått så lengje med bakterien i blodet at den har sett immunforsvaret ut av spel, får difor inga behandling. Dette burde Dag Tveitnes blitt konfrontert med.


NRK Sogn og Fjordane har også tatt tak i mangelen på behandlingstilbod for dei med langvarige, kroniske lidingar, og stilte helseminister Jonas Gahr Støre til veggs på dette. Helseministeren opnar no for eit nasjonalt kompetansesenter senter som skal utgreiie pasientar med langvarige og uforklarlige lidingar.

 Opnar for nasjonalt kompetansesenter

Håpet er at når dette senteret vert realisert, vil samarbeide med Norsk Borreliose Senter og andre som sit på uvurderleg kunnskap som det offentlege helsevesenet i dag vel å ignorere. Eg siktar her til fagmiljøa i Tyskland, USA og Ungarn. Vi må ha meir fokus på korleis ein kan bruke mikroskopiering av blod til å finne ut kva som som feiler menneske med alvorleg sjukdom og uforklarleg sjukdomsbilete. Om ein berre nyttar gamle ekspertar med gammal kunnskap, kjem vi ikkje noko vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar